index om oss arrangement artiklar kalender utstyr kontakt

Fjordane Astronett


M45, populært kalla sjustjerna. Forutan logoen til bilmerket Subaru, eit fantastisk objekt i ein liten kikkert!

Våre delar av landet (Sogn og Fjordane og Sunnmøre) har lenge vore utan ei aktiv astonomiforeining. Såleis har det vore vanskeleg for nye amatørastronomar å finne andre med same interesse. Enkelte søkjer nokon å observere saman med, andre har kanskje lenge lurt på om astronomi er noko for dei. Vårt mål er at dette kontaktnettverket skal gjere det enklare for amatørastronomar, både aktive og potensielle, å finne nokon som deler same interesse.

Av erfaring veit vi at det er mange amatørastronomar rundt om i regionen. Nokre av desse er aktive observatørar, andre held seg kanskje berre til litterære fasinasjonar om emnet. Målet er at desse skal møtast, slik at dei som aldri har teke steget heilt ut skal kunne få oppleve gleda over den fantastiske stjernehimmelen.

Det er aldri for seint å starte med astronomi. Gamal som ung kan få store gleder i denne hobbyen. Mange fasinerer seg td. over kor flott det er å sjå på bilete av Saturn sine ringar, galaksar eller hopar med tusenvis av stjerner. For mange vert denne opplevinga mangedobla når du faktisk SJØLV kan sjå desse objekta, anten med dine eigne auge eller ved hjelp av ein liten kikkert. Tanken om at lyset frå desse fjerne objekta kanskje har reist i millionar av år, for så å nå sitt endepunkt i ditt auge, kan få dei fleste til å føle seg priviligert!

Det er ofte ikkje store investeringa som skal til, med ein vanleg prismekikkert (7x50mm) opnar det seg ein heilt ny verden. For mange er ein slik handhelden kikkert nok til å halde interessa oppe i årevis. For eit par skarve tusenlappar kan du få eit astronomisk instrument som er lett, transportabelt og som ikkje minst viser eit utal objekt som ikkje er synleg for det blotte auget.

For oss er det viktig å skape eit nettverk utan for mykje arbeid og organisatorisk tidsforbruk. Difor har vi lagt oss på eit nivå som er basert på 100% fri vilje. Det er ikkje vits i å overstrukturere nettverket meir enn naudsamt no i startfasa. Kva tida viser, er noko anna...

Mailinglista vår

Vi har oppretta ei mailingliste for nettverket vårt. For dei som ikkje veit kva ei mailingliste betyr, så er det eit nettverk der personar kan diskutere via e-post. Alle e-postar du sender til mailingliste-adressa vert distribuert ut til alle som abonnerer på den. Dette er såleis ein rask måte å få spredt informasjon om td. ting som skjer på nattehimmelen.
Gruppesida ligg på denne adressa: http://groups.yahoo.com/group/astronett.
Mailinglista si e-postadresse er slik: astronett@yahoogroups.com

Send elles spørsmål til post@astronett.com